Du er her:
  • Aktuelt
  • Nytt

    KORLEIS VAR KUNSTFOREININGSÅRET 2016?

    Kva skjedde i kunstforeininga i fjor, oppsummert i tal? Ved å levere statistikk for 2016 til Norske Kunstforeninger gjev de oss verdifull innsikt i behova og utfordringane til kunstforeiningane – og det vert lettare for oss å setje i gang målretta tiltak.



    Innleveringsfrist for statistikk: 10. mai

    Korleis var aktiviteten i kunstforeiningar i 2016? Kor mange utstillingar arrangerte de, kva andre arrangement stod de for, korleis gjekk kunstsalet, kvar mottok de stønad frå og kor stort publikum hadde de? 
     
    Som ein del av medlemskapen i Norske Kunstforeninger er kunstforeiningane pliktige til å levere ein årleg statistikk. Informasjonen som kjem inn, gjev oss viktig innsikt i korleis kunstforeiningane vert drivne. Med eit godt talgrunnlag er det lettare for oss å kunne setje i gang tiltak som kjem flest mogleg kunstforeiningar til gode. 
     
    I haust deltok kunstforeiningane i ei eiga undersøking om salstal og inntekter i samband med at Kulturrådet for første gong gav ut bransjestatistikken Visuell kunst i tall. Frå og med i år er dei same spørsmåla tekne med i det vanlege statistikkskjemaet til Norske Kunstforeninger, slik at desse tala kan nyttast til neste utgåve av Visuell kunst i tall.

    Talmaterialet vil verte handsama konfidensielt, og vil i rapporten berre verte presentert på eit overordna nivå, slik at svara frå den enkelte kunstforeininga ikkje er sporbare. Dersom du har spørsmål til dette kan du kontakte Malin Olivia Dahlberg på malin.dahlberg@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.

    LES MEIR: Delta i viktig undersøking frå Kulturrådet
    LES MEIR: Lanserte bransjestatistikk for visuell kunst

     

    ⇒ GÅ TIL STATISTIKKSKJEMA FOR 2016

    Ha årsmeldinga og årsrekneskapen tilgjengeleg når du skal fylle ut statistikken, så er det raskt unnagjort. Til slutt i skjemaet er det eit eige felt for kommentarar eller innspel til Norske Kunstforeninger.
     
    Innleveringsfrist for statistikk: 10. mai

     

    Årsmelding, årsrekneskap og nytt styre? 

    Hugs også å sende oss årsmelding og årsrekneskap. Dette kan anten sendast på e-post til post@kunstforeninger.no eller i posten til Norske Kunstforeninger, Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo.
     
    Har de hatt årsmøte og valt nytt styre? For å sikre at de mottek informasjon og tidsskriftet Kunst Pluss gratis, må de registrere styremedlemmene via nettsidene til Norske Kunstforeninger.

    Medlemsblad

    KUNST PLUSS 2 / 2017

    • Forunderlige linjer og dristige omdreiningspunkter. Om billedkunstner og kurator Jan Freuchen
    • Kunsterportrett: Karin Blomgren
    • Forbindelser – Tre forlatte husmannsplasser
    • Uten bakkekontakt. Om Tori Wrånes
    • Kunstens velsignelse. Om Ålesund Kunstforening
    • Momentum 9: «A sense of awe»

    Les mer >>

    Aktivitetskalender

    Nyhetsbrev

     

    Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

    Norske Kunstforeninger – Besøk: Kongens gate 2, 5. etasje – Post: Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo – Telefon: 22 42 20 35 – E-post: post@kunstforeninger.no