Du er her:
  • Aktuelt
  • Nytt

    125 000 KRONER I GÅVEFORSTERKING

    Norske Kunstforeninger mottek 125 000 kroner i gåveforsterking frå Kulturdepartementet på bakgrunn av den nasjonale gåva vi i fjor fekk frå Sparebankstiftelsen DNB til NåDa-prosjektet. 

    Norske Kunstforeninger fekk i 2016 tilsegn om 1,5 millionar kroner til NåDa frå Sparebankstiftelsen DNB, og pengane vert utbetalt over tre år. Det er den første utbetalinga på 500 000 kroner som no har utløyst ei gåveforsterking frå Kulturdepartementet på 125 000 kroner. I denne tildelingsrunden av gåveforsterking var det delt ut 7,1 millionar kroner til 18 kunst- og kulturinstitusjonar.

    – Dette er institusjonar som kvar på sin måte gjer ein stor og viktig jobb for å ta vare på og formidle kunst og kultur. Mange av desse mottakarane har også ei rolle nasjonalt som gjer at pengane og arbeidet som vert utført kjem heile landet til gode, uttaler kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.

    – Vi er svært glade for at vi gjennom den nasjonale gåva frå Sparebankstiftelsen DNB, no har motteke 125 000 i gåveforsterking. Gåveforsterkinga er eit viktig bidrag til det kompetansehevande arbeidet vårt overfor kunstforeiningane. Det er positivt at Kulturdepartementet har utvida ordninga til å også omfatte enkelte kunstforeiningar, og at midlane til gåveforsterkingsordninga er auka, seier direktør i Norske Kunstforeninger, Susanne Svenseid.

    Norske Kunstforeninger vil bruke midlane i tråd med formålet om å gje flest mogleg tilgang til profesjonell kunst, og pengane vil kome kunstforeiningane til gode gjennom styrking av dei kompetansehevande tiltaka. Dersom den statlege gåveforsterkingsordninga held fram, vil Norske Kunstforeninger potensielt kunne få totalt 375 000 kroner i løpet av dei tre åra prosjektet skal gå.

     

    Kunstforeiningar med tilsette kan søkje gåveforsterking

    Gåveforsterkingsordninga vart innført for museum av dåverande kulturminister Thorhild Widvey i 2014, med formål om å stimulere til fleire private midlar i kulturlivet. Frå 1. januar 2016 fekk fleire aktørar tilgang til ordninga, og omfattar no også gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. Potten har auka frå 10 millionar i 2014 til 51 millionar kroner i 2017.
     
    Ifølgje dei nye retningslinjene for gåveforsterkingsordninga, vil også kunstforeiningar kunne søkje. Det vert stilt krav om at kunstforeiningane som søkjer må vere ei profesjonell kunstverksemd som driv formidling av visuell kunst, og at institusjonen har minst eitt fast lønna årsverk.  
     
    Dei private pengegåvene må samla vere på minst 100 000 kroner, og ein vil då kunne søkje om å få 25 % av gåvebeløpet i statleg gåveforsterking. 

    Les meir: Retningslinjer for Gaveforsterkningsordningen for kunst- og kulturformål

    Last ned: Søknadsskjema for gåveforsterkingsordninga

    Medlemsblad

    KUNST PLUSS 2 / 2017

    • Forunderlige linjer og dristige omdreiningspunkter. Om billedkunstner og kurator Jan Freuchen
    • Kunsterportrett: Karin Blomgren
    • Forbindelser – Tre forlatte husmannsplasser
    • Uten bakkekontakt. Om Tori Wrånes
    • Kunstens velsignelse. Om Ålesund Kunstforening
    • Momentum 9: «A sense of awe»

    Les mer >>

    Aktivitetskalender

    Nyhetsbrev

     

    Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

    Norske Kunstforeninger – Besøk: Kongens gate 2, 5. etasje – Post: Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo – Telefon: 22 42 20 35 – E-post: post@kunstforeninger.no