Du er her:
  • Aktuelt
  • Nytt

    SØK OM STØNAD TIL FRAKT, PROSJEKT OG UTSTYR

    Norske Kunstforeninger deler ut stønad til frakt av kunst, utstilling- og formidlingsprosjekt og utstyr til visning av kunst. Stønadsordningane skal bidra til at kunstforeiningar over heile landet kan gje publikum tilgang til samtidskunst.

    Søknadsfrist 1. mai.

    Ålesund Kunstforening mottok i 2016 prosjektstønad til kunstformidling for barn. Her frå workshop i monotypi med Randi Kristin Emblem.

    Alle aktive medlemsforeiningar i Norske Kunstforeninger kan søkje om stønad til mellom anna føredrag, utstillingar, formidlingstiltak, oppgradering av utstillingslokale og frakt av kunst. Norske Kunstforeninger har to faste søknadsfristar: 1. mai for tiltak i juli–desember same år og 1. november for tiltak som har oppstart i januar–juni påfølgjande år. Det er ikkje mogleg å søkje om stønad til utstillingar eller tiltak som allereie er gjennomført.

    1. mai 2017 er søknadsfrist for tiltak som har oppstart i perioden 1. juli–31. desember 2017.

    Til utstillingar kan ein søkje om fraktstønad, som er eit tilskot som dekkjer transport av kunst til og frå utstillingslokalet. Kunstforeiningar som har planar om føredrag, seminar, kunstnarsamtalar, formidlingsopplegg eller utstillingar som krev ein ekstra innsats, kan i tillegg søkje om prosjektstønad. Merk at vi berre gjev stønad til utstillingar og prosjekt med profesjonelle, nolevande kunstnarar.

    Dersom de treng å pusse opp utstillingslokala, treng lysutstyr eller projektor til videokunst, kan de søkje om utstyrstønad. Til større ombyggingsprosjekt eller oppgraderingar oppmodar vi til å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, sidan vår stønadspott er ganske liten.

    Ver merksam på at Norske Kunstforeninger ikkje fullfinansierer prosjekt/utstillingar, og at vi difor ventar at kunstforeiningane også søkjer stønad frå andre kjelder. Naturlege søknadsinstansar er kommune, fylkeskommune, lokale/regionale sparebankstiftingar, Fritt Ord og Kulturrådet.
     

    Nye søknadsskjema med rettleiing

    Før denne søknadsrunden har Norske Kunstforeninger gått gjennom og revidert alle søknadsskjemaa. Til kvart skjema ligg det no ved ei rettleiing med informasjon om vilkår for stønad, og hjelp til korleis ein skal fylle ut søknaden. Vi håper endringane vil gjere søknadsarbeidet litt enklare. Dersom de har spørsmål til stønadsordningane eller søknadsprosessen kan de kontakte rådgjevar/sakshandsamar Anne-Grethe Thoresen på telefon 22 42 20 35 eller e-post anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no

    • Gå til: Meir informasjon om stønad og søknadsskjema med rettleiing

     

    Medlemsblad

    KUNST PLUSS 2 / 2017

    • Forunderlige linjer og dristige omdreiningspunkter. Om billedkunstner og kurator Jan Freuchen
    • Kunsterportrett: Karin Blomgren
    • Forbindelser – Tre forlatte husmannsplasser
    • Uten bakkekontakt. Om Tori Wrånes
    • Kunstens velsignelse. Om Ålesund Kunstforening
    • Momentum 9: «A sense of awe»

    Les mer >>

    Aktivitetskalender

    Nyhetsbrev

     

    Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

    Norske Kunstforeninger – Besøk: Kongens gate 2, 5. etasje – Post: Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo – Telefon: 22 42 20 35 – E-post: post@kunstforeninger.no