Du er her:
  • Aktuelt
  • Nytt

    VIL DE ARRANGERE KUNSTFESTIVAL I 2019?

    Kunstfestivalen Greenlightdistrict gav 11.–14. mai innbyggjarane i Grenland og tilreisande frå kunstforeiningane vakre og nyskapande kunstopplevingar. Kanskje er det dykkar tur å vere vertskap neste gong? Interesserte kunstforeiningar kan søkje om å arrangere kunstfestival i 2019.

    Søknadsfrist 1. juli 2017.

    Kunstnarsamtale med Martinka Bobrikova og Oscar de Carmen i Skiens Kunstforening under Greenlightdistrict. Foto: Sten Nilsen

    Annakvart år planlegg og gjennomfører ei lokal kunstforeining ein nasjonal kunstfestival, etter søknad til Norske Kunstforeninger. Festivalen vert arrangert om våren i oddetalsår, i tilknyting til Norske Kunstforeninger sitt årsmøte. Neste festival skal etter planen vere våren 2019 – og den kan det verte de som arrangerer!

    Kunstfestivalen gjev lokale kunstforeiningar ei unik moglegheit til å marke seg på kunstkartet. Kunstforeininga står fritt i val av tema, program og arrangement, men vanlege programpostar er til dømes utstillingar, kunstnarsamtalar og fagseminar. Arbeidet med festivalen vil gje kompetanse i planlegging, utvikling og gjennomføring av større prosjekt. Sjølv om Norske Kunstforeninger bidreg med rådgjeving og stønad undervegs, har den lokale kunstforeininga hovudansvar for arrangementet. Det er viktig at ein tilpassar programmet til eigne ressursar og lokale tilhøve – det er ikkje noko mål at festivalen skal overgå den føregånde i omfang og budsjett.


     

    Søkjeprosess og økonomi

    Norske Kunstforeninger gjev 175 000 kroner til festivalarrangøren, resten av midlane må kunstforeininga skaffe sjølv. Totalkostnaden for festivalen vil variere alt etter kor omfattande program ein legg opp til. Finansieringa treng ikkje vere på plass når ein søkjer, men ein må leggje ved ein realistisk plan for korleis festivalen kan finansierast.
    
Søknadsfrist er 1. juli i oddetalsår, med vedtak i september. Frå positivt tilslag til gjennomføring har dermed den utvalde kunstforeininga om lag 1 ½ år på seg til å planleggje festivalen og skaffe finansiering.

    
Søknaden må innehalde:

    • Tema/prosjektskildring for festivalen
    • Programskisse (utstillingar, kunstnarsamtalar, seminar/konferanse o.l.)
    • Utkast til budsjett/finansieringsplan
    • Hotell- og konferansekapasitet (minimum overnattingskapasitet til 100 personar)

    • Informasjon om eventuelle samarbeidspartnarar (lokalt, regionalt og nasjonalt)
    • Informasjon om transportmoglegheiter 
    • Ynskt helg for festivalen (våren 2019, innan 15. juni)
    • Informasjon om eventuelle andre kulturtilbod ein kan knyte opp til festivalen

    Kontakt oss gjerne dersom de har spørsmål knytt til søknaden! 
Søknaden sender de til Norske Kunstforeninger, Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo eller på e-post til susanne.svenseid@kunstforeninger.no

    SØKNADSFRIST 1. JULI 2017

    Styret i Norske Kunstforeninger handsamar søknadene på styremøtet i september 2017, og kva kunstforeining som er vald som arrangør vil verte offentleggjort kort tid etter.


    Tidlegare festivalar:
    Greenlightdistrict 2017, Grenland
    Agalaus 2015, Voss
    HFT2013, Hammerfest
    Glass 2011,  Gjøvik 
    Bodø 2009
    Steinkjer 2007

    Medlemsblad

    KUNST PLUSS 2 / 2017

    • Forunderlige linjer og dristige omdreiningspunkter. Om billedkunstner og kurator Jan Freuchen
    • Kunsterportrett: Karin Blomgren
    • Forbindelser – Tre forlatte husmannsplasser
    • Uten bakkekontakt. Om Tori Wrånes
    • Kunstens velsignelse. Om Ålesund Kunstforening
    • Momentum 9: «A sense of awe»

    Les mer >>

    Aktivitetskalender

    Nyhetsbrev

     

    Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

    Norske Kunstforeninger – Besøk: Kongens gate 2, 5. etasje – Post: Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo – Telefon: 22 42 20 35 – E-post: post@kunstforeninger.no