Forsikring av utstillingar
Norske Kunstforeninger har inngått ein avtale med forsikringsselskapet If som gjer at våre medlemsforeiningar/lag får tilbod om gunstige avtalevilkår.
Heilårsforsikringa har ein minstepris på 3000 kroner per år. Kor mange utstillingar ein kan forsikre før ein kjem over minsteprisen er avhengig av verdien på utstillingane som skal forsikrast. Forsikringa gjeld både i sjølve utstillingsperioden, og for transport til og frå utstillingsstaden. Transportforsikringa gjeld innan heile Norden. Fordi forsikringa er knytt til verdien av kvar enkelt utstilling, må ein sende inn verksliste med prisar for kvar utstilling.
For meir informasjon kan ein kontakte If:
Kontaktperson: Rakel S. Hareide
Telefon: 67 84 04 36
E-post: rakel.sand.hareide@if.no
Polisenummer forsikring: 0443000

