Kven er de og kvar held de til?

 
Medlemslag i Norske Kunstforeninger er pliktige til å oppdatere kontaktinformasjon til kunstforeininga, og sørgje for at oversikta over styremedlemmer vert oppdatert kvart år.
 
Det er viktig for at vi skal kunne nå ut med viktig informasjon, og at alle styremedlemmene skal kunne motta medlemsbladet KUNST PLUSS kostnadsfritt.
 
Vi tilrår at ein legg inn oppdaterte opplysingar så snart årsmøte med val av styre er gjennomført.
 
Registrering gjer de ved å gå inn på:
 
 
Logg inn med tidlegare tilsendt brukarnamn og passord for kunstforeininga/kunstlaget. Dersom de manglar innloggingsinformasjonen, sender de ein e-post til malin.dahlberg@kunstforeninger.no og ber om å få dette tilsendt på nytt.
 

Når de har logga inn får de fire ulike val:
 
Vel “rediger tillitsvalde”, legg til eventuelle nye styremedlemmer. Hugs å leggje inn både e-postadresse og postadresse. Vel kva verv personen har frå nedtrekksmenyen under "Tillitsverv" nedst på sida.
 
 
Gå inn på kvar enkelt av personane som ikkje lenger er styremedlemmer og vel “fjern verv”.

 
Hugs også å oppdatere adresse, telefonnummer, nettadresse, e-post og kontaktperson til kunstforeininga/kunstlaget under “rediger kontaktinformasjon”.
 
Under ”rediger foreningspresentasjon” kan du leggje inn bilete og ein kort presentasjon av kunstforeininga.

Ved å gå inn på ”rediger aktiviteter” kan ein leggje inn informasjon om utstillingar og andre arrangement. Arrangementa vil då vise i kalenderen på nettsida til Norske Kunstforeninger. (NB! Dersom ein har nettsideløysing gjennom Norske Kunstforeninger er det betre å berre leggje inn arrangementet via aktivitetskalenderen på si eiga nettside - dette vil då automatisk vise i kalenderen på nettsidene våre).


Innlevering av statistikk og årsmelding

 
Medlemsforeiningane skal også levere statistikk for føregåande år til Norske Kunstforeninger, og sende inn årsmelding og årsrekneskap.
 
Statistikken leverer ein ved å fylle ut eit elektronisk skjema på nettsidene våre. Formålet med statistikken er å gje Norske Kunstforeninger eit betre oversyn over tilstanden i medlemsforeiningane. Slik kan vi betre tilpasse verksemda vår med tiltak som kunstforeingane ynskjer.
 
Årleg frist for innlevering av statistikk og årsmelding/årsrekneskap er 10. mai.
 
Lenke til statistikkskjemaet og påminning om fristen vert sendt ut på e-post.
 
Årsmelding/årsrekneskap sender ein anten til post@kunstforeninger.no eller i posten til Norske Kunstforeninger, Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo.
 

Aktivitetskalender

Nyhetsbrev

 

Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

Norske Kunstforeninger – Besøk: Kongens gate 2, 5. etasje – Post: Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo – Telefon: 22 42 20 35 – E-post: post@kunstforeninger.no