Medlemsundersøkinga 2011

 
Medlemslaga i Norske Kunstforeninger er samla ein av dei største kunstformidlarane i Noreg med 602.000 besøkjande kvart år. Totalt har vi 32.400 medlemmer, 10.000 enn ein tidlegare har rekna med, syner medlemsundersøkinga frå 2011.
 
Resultat frå medlemsundersøkinga til Norske Kunstforeninger vart presentert under årsmøtet på Gjøvik 12. juni i 2011.
 
Føremålet med undersøkinga var å kartleggje ulike forhold rundt medlemslaga i Norske Kunstforeninger, og kor nøgde medlemslaga er med paraplyorganisasjonen og kompetansesentret sentralt. Medlemsundersøkinga er gjennomført på web av Perduco Kultur, for Norske Kunstforeninger. 100 av 180 lag har svart på undersøkinga, noko som gjev ein svarprosent på 56 %. 

– Med så mange medlemsforeininger gjer vi vårt beste for å leggje til rette for det kompetansehevande arbeidet for alle foreiningene uavhengig av storleik og aktivitet. Då er det viktig å lytte til behova og ynska til medlemslaga. Medlemsundersøkinga vil vi også kunne bruke som dokumentasjon av verksemda vår, og slik kunne påverke kva løyvingar vi får frå ulike organ, seier Susanne Svenseid, direktør i Norske Kunstforeninger.
 

Over 32.000 medlemmer

 
Basert på dei kunstlaga som har svart på undersøkinga, er talet på medlemmer i kunstlaga estimert til å vere 32.400. Det er om lag 10.000 fleire enn det Norske Kunstforeninger tidlegare har gått ut ifrå.
 
– Nøkkeltala frå årets medlemsundersøking viser at den publikumsstyrte modellen er liv laga og ikkje berre det; dei viser at det er ei aukande interesse for å gje noko tilbake til samfunnet, som frivillig i ei kunstforeining. I all hovudsak er kunstforeiningane drivne på frivillig basis, og det vert lagt ned eit imponerande arbeid for at vi alle her i landet, skal ha tilgang på samtidskunst. Her er kunstforeiningane heilt unike, og samla er medlemslaga våre den største formidlaren av samtidskunst i Noreg.
 
Det samla talet på publikum er rekna ut til å vere 602.600 i løpet av eitt år, noko som er på nivå med Nasjonalmuseet i Oslo.
 
Totalt har kunstforeiningane i Noreg ei omsetjing på 44, 4 millionar kroner. I snitt har kvart kunstlag 4,8 utstillingar med samtidskunst, og ei utstilling med amatørkunst per år. I alt vert det synt over 1000 utstillingar i kunstforeiningane og kunstlaga.
 

Samarbeider breitt

 
I tillegg til kunstutstillingar driv 71 % av kunstlaga med andre aktivitetar. 48 % samarbeider med andre aktørar, 39 % deltek i den kulturelle skolesekken og 40 % er med i regionale nettverk.

Undersøkinga syner også at medlemslaga er svært godt nøgde med organisasjonen sentralt. Særleg vert stønadsordningane til Norske Kunstforeninger oppfatta som svært viktige.
 

Basert på frivillige

 
Berre 14 % av kunstlaga har tilsette. Og av dei 86 % som ikkje har nokon tilsett i fast stilling, er det berre 8 % som arbeider for å få tilsett nokon.
 
– Heilt sidan Noregs første visingsstad for kunst vart etablert i 1836, Christiana Kunstforening (no Oslo Kunstforening), har frivillig innsats vore fundamentet. Slik vil det, og kanskje skal det også, vere i framtida, men det er ingen motsetnad mellom å arbeide for fast tilsette parallelt med at ein utvidar rekrutteringa til frivillig arbeid for formidling av kunst.
 
Dei fleste kunstlaga ikkje har økonomisk moglegheit til å ha fast tilsette. Men nokre deltek i eit pilotprosjekt over tre år, som Norske Kunstforeninger er med på å finansiere, der målet er å på sikt få ein fast dagleg leiar.
 
Medlemsundersøkinga har fått fram mange interessante innspel og kommentarar, som Norske Kunstforeninger kjem til å følgje opp.
 
 

 

Aktivitetskalender

Nyhetsbrev

 

Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

Norske Kunstforeninger – Besøk: Kongens gate 2, 5. etasje – Post: Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo – Telefon: 22 42 20 35 – E-post: post@kunstforeninger.no