Vil du studere kuratorarbeid? | Norske Kunstforeninger:
 Du er her:
  • Aktuelt
  • Nytt

    Vil du studere kuratorarbeid?

    Frå hausten 2012 tilbyr Høgskolen i Telemark på nytt studiet i kuratorarbeid. Norske Kunstforeninger stør studentar frå kunstforeiningane/kunstlaga med stipend på 10.000 kroner. Søknadsfrist for studiet er utvida til 25. mai 2012.

    Tidlegare kuratorstudentar som har motteke stipend frå Norske Kunstforeninger. Foto: Jofrid N. Eian

    Studium i kuratorarbeid
    Varigheit: 30 studiepoeng over 1 år
    Pris: 7.500 kroner per semester
    Opptakskrav: minimum 10 stp. kunsthistorie
    Studiestad: vekesamlingane går føre seg i Bø
    Søknadsfrist: 25. mai 2012
    Høgskolen i Telemark tilbyr eit eittårig deltidsstudium i kuratorarbeid med oppstart hausten 2012. Norske Kunstforeninger ser studiet som eit svært viktig kompetansehevande tilbod for kunstforeiningsmedlemmer, og vi gjev difor 10.000 kroner i stipend til studentar som er tilknytt ei av medlemsforeiningane våre.
     
    Studiet i kuratorarbeid vart initiert av Norske Kunstforeninger i samarbeid med Høgskolen i Telemark i 2004, då som eit toårig deltidsstudium. I 2006 kom Nasjonalmuseet med i samarbeidet. Frå hausten 2010 var Høgskolen i Telemark åleine ansvarleg for eit eittårig deltidsstudium i kuratorarbeid, men Norske Kunstforeninger bidrog også då gjennom stønad til fagseminaret. Totalt er tre kull uteksaminert; i 2006, 2008 og 2011.
     
    Berre ein person frå kvar kunstforeining kan motta stipend. Styret i kunstforeininga må sende Norske Kunstforeninger ei skriftleg stadfesting på kvifor dei ynskjer at du skal vere deira stipendkandidat. Stipendet vert utbetalt etter at vi har motteke ein kort rapport frå studiearbeidet og dokumentasjon på at eksamen er bestått. Sønadsskjema og stadfesting frå styret må vere sendt oss innan 15. juni 2012.
     
    Kuratorstudiet er eit samlingsbasert studium i kuratering av kunstutstillingar. Emnet har to målsetjingar. Det tek sikte på å gje studentane ei forståing for kunstfeltet for sektor og sosialt system, og gje kompetanse i emna formidling og arrangering. Emnet rettar seg mot personar som arbeider med kunst anten som friviljug, tilsett eller liknande. Emnet vil også eigne seg for studentar som ønskjer ein praktisk-teoretisk del i, eller supplement til, ei bachelorutdanning i kunsthistorie, kulturfag, kunstutdanning osb.
     
    Emne:
    • Utstillingsteori
    • Formidlingsteori
    • Kunstpolitikk
    • Kunstteori med hovudvekt på samtidskunst
    • Å skrive og snakke om kunst til ulike målgrupper
     
    Emnet er samlingsbasert og kjernen i undervisninga er to vekesamlingar i Bø per semester: veke 36 og 41 i 2012 og veke 3 og 11 i 2013. Tilbudet er et betalingsstudium, som berre startar opp dersom det er mange nok søkjarar.
     
    Søknadsfrist: 25. mai 2012

    Meir informasjon om studiet og søknad finn de på nettsidene til Høgskolen i Telemark.
     

    Medlemsblad

    KUNST PLUSS, 1 / 2013

    - KUNSTFESTIVAL I HAMMERFEST
    - KÅRE KIVIJÄRVI
    - EVAHENNA AALTO
    - MATIAS FALDBAKKEN
    - VOSSA JAZZ-UTSTILLINGEN
    - NYE BØKER

    Les mer >>

    Aktivitetskalender

    Nyhetsbrev

    Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

    Presseklipp

    Norske Kunstforeninger - Kongens gate 2, 5. etasje - Postboks 477 Sentrum - 0105 OSLO - Tlf: 22 42 20 35 - Faks: 22 41 61 77