Du er her:
  • Aktuelt
  • Nytt

    Årets Kunstforening 2011: Voss Kunstlag!

    Voss Kunstlag vart laurdag 21. april utropt til Årets Kunstforening 2011. Prisen på 25.000 får kunstlaget for evna til å finne nye og spenstige måtar å vise kunst på.

    Leiar i Voss Kunstlag, Laila Rynning Veum. Foto: Sten Nilsen

    Prisen Årets Kunstforening vert delt ut kvart år i samband med årsmøtet til Norske Kunstforeninger. Utmerkinga går til eit kunstlag som i løpet av det føregåande året har utmerka seg med eit enkeltprosjekt, eller til eit kunstlag som over tid har markert seg som særleg aktivt, synleg, utradisjonelt og kreativt.
     

    Vinnaren vart annonsert under årsmøtemiddagen til Norske Kunstforeninger, til stor overrasking for leiaren i Voss Kunstlag, Laila Rynning Veum. I grunngjevinga for årets tildeling heiter det at Voss Kunstlag er visjonære og tenkjer nytt i forhold til samarbeid med andre lokale aktørar. Gjennom samarbeid med til dømes Vossajazz, Ektremsportveko og Osafestivalen klarer Voss Kunstlag å nå fram med kunst til nye grupper. I tillegg vert satsinga på debutantar gjennom Vossajazz-utstillinga, og samarbeidet dei har fått i stand med Vekselbanken om dette, trekt fram.

     – Eg synest dette er veldig flott anerkjenning av eit kunstlag i distriktet. På Voss står idretten og musikken sterkt, og vi jobbar for å vise at den visuelle kunsten også har ein viktig plass. For å få til dette har vi fått til gode samarbeid andre kulturaktørar på Voss – vi er nøydde til å samarbeide for at det skal gå, seier Laila Rynning Veum.

    Leiaren er ikkje i tvil om at prisen må kome alle i kunstlaget til gode.

    – 1. juni i år opnar jubileumsutstillinga vår. Då vil vi invitere alle medlemmene våre til ei jubileumsmarkering. Årets Kunstforening er ein pris som går til heile kunstlaget, difor er det kjekt om alle er med på feiringa.

    Med prisen på 25.000 kroner følgjer også eit diplom og eit kunstverk, i år ein monotypi av Ruth Roland.
     

    Medlemsblad

    KUNST PLUSS 1 / 2014

    – INTERVJU: KULTURMINISTER THORHILD WIDVEY
    – NYE TANKER I SKIENS KUNSTFORENING
    – OPPSTART FOR STUDIUM I KURATORARBEID
    – KUNSTFORENINGSPROFIL: TOVE GUTTELVIK
    – KURATOR I KUNSTFORENINGEN: MARIA VEIE SANDVIK
    – MARTIN CLARK: BERGENS NYE SAMTIDSKUNSTGENERAL
    – HANNA HØINESS (forside)

    Les mer >>

    Aktivitetskalender

    Nyhetsbrev

    Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

    Presseklipp

    Norske Kunstforeninger - Kongens gate 2, 5. etasje - Postboks 477 Sentrum - 0105 OSLO - Tlf: 22 42 20 35 - Faks: 22 41 61 77