Opphavsrett til kunstverk | Norske Kunstforeninger:

Opphavsrett til kunstverk

 

Kunstverk er verna av åndsverkslova, og fotografi av kunstverk kan difor ikkje nyttast fritt. Personen som skaper eit kunstverk har opphavsrett ut si levetid, og verket er i tillegg verna 70 år etter utgangen dødsåret til opphavspersonen.

I samband med utstillingar bør ein avtale med kunstnaren kva bilete som fritt kan nyttast i promoteringa av utstillinga (på plakatar, som pressebilete, på nettsider).

Kunstnaren skal alltid krediterast når kunstverket vert publisert. Dersom ein annan person enn kunstnaren har teke fotografiet av kunstverket må også fotografen krediterast.

Til dømes kan måleriet Brudeferden i Hardanger (til høgre), av Adolph Tidemann og Hans Gude (1848), kan brukast fritt då det er meir enn 70 år sidan begge kunstnarane døydde. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Fri bruk ved nyhende

Kunstverk kan nyttast fritt i aviser, tidsskrift og kringkasting ved omtale av ei dagshending:

Føresetnaden er at nyhenda  er om det konkrete verket som vert gjeve att til dømes omtale av ei komande/pågåande utstilling, tjuveri av verk etc.

Kunstverk eller fotografisk verk kan dessutan gjevast att fritt i aviser, tidsskrift, kringkasting, film og i bøker dersom verket utgjer ein del av bakgrunnen eller på annan måte spelar ei underordna rolle i samanhengen.

Sitat frå nettsidene til BONO.

Dersom ein vil publisere bilete av eit kunstverk i ein annan samanheng enn dette har opphavspersonen rett på vederlag. Dersom kunstnaren er medlem av BONO, kan ein kontakte BONO, viss ikkje må ein kontakte personen som har opphavsretten direkte.

Aktivitetskalender

Nyhetsbrev

Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

Presseklipp

Norske Kunstforeninger - Kongens gate 2, 5. etasje - Postboks 477 Sentrum - 0105 OSLO - Tlf: 22 42 20 35 - Faks: 22 41 61 77