Søk om støtte | Norske Kunstforeninger:

Her kan du søkje om pengar

 

Planlegg du eit prosjekt, men veit ikkje heilt korleis du skal få finansiert det? Norske Kunstforeninger har eigne stønadsordningar for frakt, prosjekt og utstyr til utstillingslokale. Men det er kanskje ikkje alltid at ein får alle pengane ein treng til å gjennomføre det ein ynskjer berre med stønad frå Norske Kunstforeninger, kommunen eller fylkeskommunen. Her har vi difor samla informasjon om nokre av dei store institusjonane ein kan søkje om pengar til gode kulturformål.

Gløym heller ikkje at det kan vere pengar å hente gjennom sponsoravtalar, eller andre former for samarbeid med det lokale eller regionale næringslivet.

 

Norsk kulturråd

 
Norsk kulturråd forvaltar Norsk kulturfond  og andre statlege stønadsordningar på kulturområdet.
 
Til ulike typar kunstprosjekt, utstillingar og arrangement kan ein søkje om prosjektstønad. Søknadsfristane for prosjektstønad er 1.mars, 1.juni, 1.september og 1.desember.
 
Dersom ein planlegg ei oppgradering av utstillingslokala kan ein søkje stønad til dette gjennom ordninga Rom for kunst. Søknadsfristane for Rom for kunst er 1. juni og 1. desember. 
 
Meir informasjon på:
www.norskkulturrad.no
 
I 2011 fekk til dømes Kviteseid kunstforening 50.000 kroner i stønad frå Norsk kulturråd til det tverrfaglege kunstprosjektet Vatn - Connecting People. Sjå video frå prosjektet over.
 

Fritt Ord

Institusjonen Fritt Ord har som føremål å verne om og styrke ytringsfridomen og vilkåra for ytringsfridomen i Noreg, ved å stimulere levande debatt og uredd bruk av det frie ordet. Eit av satsingsområda er kunst og kultur, og dei gjev mellom anna stønad til «resonnerande katalogar, tiltak for meiningsutveksling og tverrkulturell dialog i samband med kunstuttrykk, og debatt om kulturpolitikk».

Institusjonen Fritt Ord, kan dermed vere ein naturleg institusjon å søkje om stønad dersom kunstforeininga/kunstlaget skal arrangere eit seminar, ein debatt, eller gje ut ein publikasjon i tilknyting til ei utstilling.
 
Informasjon om søknadsfristar og retningslinjer finn du på nettsidene til Fritt Ord:
 

Sparebankstiftelsen DnB NOR

 
Sparebankstiftelsen stør prosjekt som skaper engasjement, som har verdi over tid, som involverer frivillige og som gjev eit positivt bidrag til barn og unge. Dei gjev pengar både til små lokale, og store nasjonale prosjekt.
Sparebankstiftelsen DNB NOR er ei ideell og uavhengig stifting som gjev pengegåver til allmennyttige føremål.
 
Les meir om søknadsfristar og retningslinjer her:


Gjensidigestiftelsen

 
Gjenstidigestiftelsen har som formål at gåvetildelingane skal fremje tryggleik og helse. Ein kan søkje om pengestønad til prosjekt og tiltak i tråd med dette, og som er førebyggjande, utviklande, engasjerande og samfunnsbyggjande.
 
Spesielt er Gjensidigestiftelsen oppteken av å finne gode prosjekt som omhandlar oppvekstvilkåra til barn og unge. Men også prosjekt for andre målgrupper kan få stønad.
 
Søknadsfristen for prosjektstønad er 15. september, og tildelingane vert gjort i desember.
 
På nettsidene finn du meir informasjon om kva krav ein må oppfylle for å kunne søkje: www.gjensidigestiftelsen.no
 
 

Visjon Vest – Sparebanken Vest

 
Visjon Vest – Sparebanken Vest gjev stønad til kulturtiltak på Vestlandet. Både enkeltkunstnarar og prosjekt kan motta stønad.
 
Hovudtildelinga skjer om våren, og søknadsfristen er 1. april.
 
Meir informasjon om korleis du kan søkje om pengar:
www.spv.no/om-oss/vi_satser_paa_vestlandet/visjon_vest/
 

Aktivitetskalender

Nyhetsbrev

Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

Nyheter

22/02 11:08 Aftenposten.no:
Motvilje mot fotografier
20/02 08:51 Østlandets Blad:
Unge kunstnere
20/02 00:17 Nordland Fylkeskommune:
Reisestipend til fem kunstnere
19/02 16:29 Rana Blad.no:
Åpning uten Pushwagner
18/02 07:30 Sunnmørsposten:
Jobber gratis for UKM
18/02 04:12 Hamar Arbeiderblad:
Tavla
17/02 04:12 Hamar Arbeiderblad:
TAVLA
16/02 00:05 Tromsø By:
Splittet Kjerne + Compilation
15/02 16:50 Origo.no:
Maleri, Fotografi og Video til Galleri Svae
15/02 07:13 Nytt i Uka:
Dronning Sonja stiller ut i Ålesund
14/02 11:13 Jazzinorge.no:
Festivalutstillar Vossa Jazz
12/02 10:00 NRK.no:
Kanskje ikke akkurat til julebordet
12/02 09:11 iTromso.no:
Gjør noe hyggelig sammen!
10/02 21:15 Harstad Tidende:
Veteran med pensel
10/02 15:46 Radio Folgefonn:
Elin Brissman årets festivalutstillar

Norske Kunstforeninger - Kongens gate 2, 5. etasje - Postboks 477 Sentrum - 0105 OSLO - Tlf: 22 42 20 35 - Faks: 22 41 61 77