Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design kommer til Stord med utstillinga av Rolf Nesch sine grafiske arbeid. Stord Kulturhus i samarbeid med Stord Kunstlag vil ha ansvar for utstillinga. I regi av ”Den kulturelle skulesekken” vil invitere elevar ved 5 og 6 trinn til utstillinga i veke 39 og i veke 40. Kristine Thorkildsen vil stå for både formidling og Workshop. Nærmere tid for vitjing av utstilling vi me sende skulane seinare
Rolf Nesch. Ein grafikar utanom allfarveg
Nettverk galleri og nettverk museum
—
Rolf Nesch vart fødd i Ober-Esslingen i Württemberg i 1893. Nesch flykta til Noreg i 1933, vart norsk statsborgar i 1946 og døydde i Oslo i 1975. Nesch er ein sentral og særprega kunstnar innan både norsk og internasjonal grafikkhistorie. Ein stor del av den varierte og omfangsrike produksjonen hans er prega av ei usedvanlege evne til å skape nye og bildemessig sterke uttrykk ved bruk av uortodokse materialar og metodar.
Utstillinga er basert på ei større utstilling som visast i Nasjonalmuseet (Nasjonalgalleriet) hausten 2009. Turnéutstillinga vil omfatte 40 grafiske blad og to trykkplater.
Utstillinga er på turné frå 2010 til 2011 og vil stå i Stord Kulturhus, kunsthallen frå 22. September til 24. Oktober.
De kan lese meir om kunstnaren ved å gå inn å Nasjonalmuseet sine nettsider: http://www.nasjonalmuseet.no http://www.nasjonalmuseet.no/index.php/content/view/full/6474 |