Stord Kunstlag har kjøpt kunst til samlinga si gjennom alle år.
Samlinga er no omlag 70 kunstverk av mange slag.
I Kunsthallen (bakrommet vårt) har me ei lita utstilling, der du kan få sjå kunstverka me enno ikkje har leigd ut. Ta kontakt med ein av oss i styret, for avtale om visning.
Desse kunstverka er lånt for ein periode på to år.
Leiga kr. 250 pr. kunstverk pr. år er oppgitt for 2 år.
Det er ein føresetnad at verka vert utstilt slik at flest mulig får sjå dei.
Kunstverka er forsikra av Stord Kunstlag, men lånetakar må dekkje eventuell eigenlut ved skader, tjuveri og liknande Leiga som skal betalast, går til dekking av generelt vedlikehald av kunstsamlinga.
Utdrag fra lokalaviser:
– Ordninga er vorte svært populær. Dei første kom allereie ein time før dørene opna, for å sikra seg favorittbiletet sitt, seier Kari Gravdal, leiar i Stord Kunstlag.
– Kva kunne me hatt denne flotte Turid Vikene skulpturen?, undrar Unni Halvorsen, frå Vidsteenstunet, og Astrid Larsen, einingsleiar for aktivitet og rehabilitering i Stord kommune.
Kultur: Publisert 24.05.2006 kl 14.34, Innsida.
– Stord kunstlag har ei samling på om lag 70 kunstverk. Mykje av det frå kunstnarar med lokal tilknyting, fortel Kari Gravdal. Ho seier at laget gjerne vil vera aktive i kunstformidlinga og driv difor utlån/leige av kunstverka sine.
Av Steinar Hystad
steinar@innsida.no
Men samlinga har også produkt frå namn som Kjell Pahr Iversen, Jørn Nilsen, Jakob Weidemann, Alf Ersland og Vebjørn Sand. Utlån/leige skjer primært til skular, barnehagar og institusjonar.
Innsida-stord.no finn kunstlagsleiaren travelt oppteken med å sjå over kunstverka i eit spesialrom i Kulturhuset. Der er den rike samlinga av måleri, akvarellar,
keramikk og anna innom for sjekk av rammer og glas.
– Avtalen med lån-/leigetakarane gjeld for to år. Me seier lån/leige fordi ei avgift mellom 300 og 500 kroner per kunstverk for perioden skal dekka kunstlaget sine utlegg til vedlikehald og forsikring. Fordelinga av kunsten til nye leigetakarar skjer etter «først-til-mølla»-prinsippet i Kunsthallen 31. mai mellom klokka 10 og 12, opplyser Gravdal.
Samlinga til Stord Kunstlag blir i desse dagar lagt ut på nettstaden www.stord.kunstlag.net