Stønadstildeling for 1. halvår 2017

 

85 av totalt 110 søknader mottek frakt-, prosjekt- og utstyrstønad for første halvår 2017. Samla har kunstforeiningane søkt om heile 1,45 millionar kroner i stønad, og i denne runden vert 456 800 kroner delt ut. Av dette går 184 000 kroner til 21 prosjektsøknader, 196 800 kroner i fraktstønad til 59 utstillingar og 76 000 kroner til oppussing og teknisk utstyr i 5 kunstforeiningar.
 
Det er no eit klart mønster at langt færre søkjer stønad i første søknadsrunde, utan at vi veit kva som er årsaka til dette. Dei siste åra har vi fått inn rundt 100 søknader til søknadsfristen 1. november, medan det til fristen 1. mai vanlegvis har kome inn 130–140 søknader. Fordi om lag halvparten av midlane vert fordelt i kvar runde, fører det til at kampen om midlar er litt hardare i andre runde.

All stønad vert tildelt etter faglege vurderingar, og kor viktig prosjektet er for kunstforeininga. Fraktstønaden vert fordelt ganske demokratisk på dei som oppfyller søknadskriteria. Potten med prosjektstønad er diverre ikkje så stor, og difor vil det alltid vere slik at enkelte gode prosjekt får avslag. Innan utstyrstønaden er det ofte snakk om store investeringar, til dømes lysutstyr, så her må vi prioritere nokre få om gongen, slik at dei kan få gjennomført tiltaket. Dersom de har fått avslag på utstyrstønad i denne runden, så søk gjerne på nytt igjen til neste runde! 
 
I løyvingane tek vi omsyn til tildelt stønad dei siste søknadsrundane, og tildelingar av annan stønad i denne runden. Tilskota skal også sikre ei viss geografisk spreiing og ein balanse mellom større og mindre kunstforeiningar. Årsak til avslag kan også vere at søknadene ikkje oppfyller kravet om at alle kunstnarane må vere profesjonelle, at søknaden kom etter fristen, eller at påkravd dokumentasjon ikkje er lagt ved.
 
Oversikt over tildelt stønad i første søknadsrunde for 2017
I Fraktstønad 1. halvår 2017
I Utstyrstønad 1. halvår 2017

Neste søknadsfrist er 1. mai 2017, og gjeld utstillingar, tiltak og arrangement med oppstart i perioden juli–desember 2017.
 


Praktisk informasjon til søkjarar

Vedtaksbreva vil verte sendt ut per post før jul. Krav om utbetaling av stønad skal sendast Norske Kunstforeninger innan to månader etter at prosjektet/utstillinga er avslutta.
 
LES OGSÅ: Informasjon om utbetaling av stønad

Når de har motteke stønad frå Norske Kunstforeninger skal dette synleggjerast i digitalt og trykt materiell (plakatar, brosjyrar, på nettsider etc.). Logoen til Norske Kunstforeninger kan lastast ned frå nettsidene våre. Hugs også å dokumentere utstillinga/prosjektet/oppussinga; tre digitale foto skal sendast inn saman med kravet om utbetaling av stønad.  

Aktivitetskalender

Nyhetsbrev

 

Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

Norske Kunstforeninger – Besøk: Kongens gate 2, 5. etasje – Post: Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo – Telefon: 22 42 20 35 – E-post: post@kunstforeninger.no