Tollregler for kunst | Norske Kunstforeninger:

Tollreglar for innførsel av kunst

 

Her får du ei oversikt i hovudreglane for innførsel av kunst til Noreg.

Nolevande kunstnarar kan innføre eigne originale kunstverk til Noreg utan å betale toll (ifølgje meirverdiavgiftslova § 7-1, jfr. § 3-7, fjerde ledd). Fritaket er uavhengig av formålet med innførselen. Kunstnaren som tek med seg kunsten inn i landet, må kunne vise at han har produsert kunsten sjølv og at verka fell inn under forskrift 108.
 
Men ver merksam på at kunsthandverk ofte ikkje har krav på tollfritak (til dømes bollar, fat og vinglas), les meir her:
http://www.skatteetaten.no/Uttalelser/Omsetning-av-kunsthandverk-av-kommersiell-karakter-er-avgiftspliktig/
 
Nolevande kunstnarar kan ifølgje internasjonale avtalar fritt transportere verka sine over landegrensene, utan å betale toll. Likevel kan reglane for kva som vert definert som kunst, og dei landspesifikke toll- og avgiftsreglane variere. Avsendaren har ansvar for å sjekke reglar ved utførsel og innførsel med dei aktuelle landa sine tollstyresmakter. Her finn de ei oversikt over nettsidene til alle tollvesena i verda: http://www.wcoomd.org/customwebsites/?v=1&lid=1

Trass i av kunsten ikkje skal fortollast, må kunsten må deklarerast for Tollvesenet ved innførsel: http://toll.no/templates_TAD/GuideArticle.aspx?id=196273&epslanguage=no
 
Foto: Det er ikkje til å unngå at ein må fylle ut nokre dokument når kunst skal transporterast inn og ut av landet.

Kunstnarane som tek med seg kunsten må på førehand ha fylt ut papir for utførsel frå heimlandet sitt. Dersom kunsten ikkje er til sals forenklar det prosessen dersom kunstnarane bruker det internasjonale tolldokumentet ATA-carnet for midlertidig innførsel: http://toll.no/templates_TAD/GuideArticle.aspx?id=196278&epslanguage=no

På nettsidene til Oslo Handelskammer finn de meir informasjon om ATA-carnet: http://carnet.chamber.no/default.aspx

Dersom det er ei salsutstilling er det betre at kunstnaren fyller ut ein SAD-blankett: http://www.toll.no/upload/skjema_blanketter/RD-0016B_enhet.pdf
 
I tillegg bør kunstnarane ha med ei eigenerklæring på engelsk på at dei er opphavsperson til og eigar av kunstverka.
 
Ei enklare, men sjølvsagt dyrare løysing, er å nytte eit transportfirma som tek seg av alt det praktiske og utfylling av inn- og utføringsdokument.
 
For meir informasjon kan de kontakte:
Tollvesenet, tlf. 03012, www.toll.no

Aktivitetskalender

Nyhetsbrev

Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

Presseklipp

Norske Kunstforeninger - Kongens gate 2, 5. etasje - Postboks 477 Sentrum - 0105 OSLO - Tlf: 22 42 20 35 - Faks: 22 41 61 77