Du er her:
  • For medlemsforeninger>Vil du starte kunstforening?
  • Vil du starte ei kunstforeining?

    Vurderer du å starte opp eit kunstlag eller ei kunstforeining der du bur? Her har vi samla nokre nyttige oppstarten og vidare drift.

    På nettsida www.frivillighetnorge.no finn ein mange gode tips og råd, her kan du til dømes laste ned Organisasjonshåndboka som innheld mange gode råd til kva ein må tenkje på når ein startar opp eit frivillig lag. I handboka finn de truleg svar på det meste de treng å vite; der er det informasjon om korleis ein gjennomfører eit stiftingsmøte, kva punkt som er vanleg å ta med i vedtektene, informasjon om økonomi, årsmøte og styre.

     

    Til høgre: Frå årsmøtet til Norske Kunstforeninger i 2008.

    Når ein startar opp må ein vedta eit sett vedtekter for foreininga. Vedtektene bør til dømes innhalde punkt som namn på foreininga, formål, reglar for styresamansetjing, årsmøte, medlemskap, avvikling m.m. 

    Det kan vere lurt å sjå på kva andre kunstlag har teke med i sine vedtekter – mange har lagt desse ut på nettsidene sine.

    Her finn de eit lite utval av vedtekter, som de gjerne må ta ein titt på:

    Kanskje finn du nokre punkt som kan vere lurt å ta med i dykkar vedtekter?

     

    Råd om styrearbeid

    Eit anna nyttig hjelpemiddel er heftet STYREARBEID – er det noen KUNST?, der ein finn reglar, tips og råd om det å drive kunstforeiningsarbeid. Heftet vart utgjeve av Norske Kunstforeninger i 2010, og er skrive av tidlegare styreleiar i Norske Kunstforeninger, Trond Bogsnes. I heftet vil ein finne svar på kva gleder, ansvar og oppgåver det inneber å vere tillitsvald i ei kunstforeining. Medlemslaga våre kan ta kontakt på malin.dahlberg@kunstforeninger.no dersom dei ynskjer å få tilsendt heftet.

     

    Søk medlemskap!

    Når kunstforeininga vel er oppretta, kan ein søkje om medlemskap i Norske Kunstforeninger. Då treng vi oversikt over styret, kopi av vedtektene og ein plan over komande utstillingar. Søknader om medlemskap vert handsama av styret i Norske Kunstforeninger. Når medlemskapet er godkjent, kjem vi gjerne på besøk for å informere meir om tilboda våre.

    Ta gjerne kontakt med oss på post@kunstforeninger.no, dersom de ynskjer meir informasjon.

    Lukke til!
     

    Aktivitetskalender

    Nyhetsbrev

    Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

    Presseklipp

    Norske Kunstforeninger - Kongens gate 2, 5. etasje - Postboks 477 Sentrum - 0105 OSLO - Tlf: 22 42 20 35 - Faks: 22 41 61 77